Voss og fjordane Guide service


Ledig stilling som dagleg leiar



Voss og fjordane Guideservice AS er ein av landets større frittståande guideservicar og formidlar guidetenester til hovudsakeleg cruisebransjen. Verksemda vart skipa for 33 år sidan og er i dag eigd av Turistutvikling AS og Ingjerd Dymbe Anda. Firmaet er solid, i stadig vekst og er lokalisert på Voss med 3 administrativt heiltidstilsette og ca. 80 sesongtilsette guidar frå mange land. Det meste av aktiviteten føregår i sommarhalvåret.

Etter 10 år hjå oss flyttar vår dyktige daglege leiar heim til Slovakia i slutten av juni 2022. Derfor søkjer me no ein etterfylgjar som kan tiltre medio mars. Du må vera ein leiar med stor arbeidskapasitet og vilje til å stå på gjennom ein hektisk sommarsesong. Du bør ha høgare utdanning, god datakunnskap og erfaring frå reiseliv og leiing. Arbeidsspråk er norsk og engelsk.

Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for den daglege drifta av verksemda
- Delansvar for økonomi (budsjett og evt. rekneskap, fakturering og løn)
- Personaladministrasjon av både heiltids- og sesongtilsette
- Kontakt med kundar og samarbeidspartar
- Administrering av bookingar og guideoppdrag
- Generelle administrative oppgåver

Me ynskjer oss ein person med fylgjande kvalifikasjonar:
- Erfaring frå leiing og økonomistyring
- Erfaring frå reiselivsbransjen og god kunnskap om fjordane som reiselivsdestinasjon
- Høgare utdanning
- God datakompetanse
- Flytande norsk og engelsk

Søkjar må også:
- Vera strukturert, effektiv og løysingsorientert
- Ha gode organiseringsevner og forståing for logistikk
- Vera serviceinnstilt og lika å arbeida med menneske
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Ha stor arbeidskapasitet og trivast med høgt tempo i periodar
- Vera fleksibel m.o.t. arbeidstid og -mengde

Ta kontakt med Ivana Kuzmova på 91881100 for spørsmål. Søknad med CV vert sendt til ingjerd@vossguideservice.no innan 22. november 2021. Søknadar vert behandla fortløpande.


Home  /  Facebook  /  Linked-in  /  Intranet  /  Recruitment

Contact us